Jan
12
Fri
Kurs i potetkakebaking
I januar 2024 vert det nytt kurs i potetkakebaking.
Det vert nytt kurs i potetkakebaking i januar 2024. Me er så heldige å ha fått Annbjørg Opedal Hamre som kursinstruktør denne gongen òg. Kursstad vert Kinsarvik skule.
Me set opp kurs laurdag 13. januar. Dersom det er mange som vil vera med, vil me ha eit kurs fredag òg. Kursa er på 4 timar. Tidspunkta som er sett opp er:
- fredag 12. januar kl 16 - 20
- laurdag 13. januar kl 10 - 14
Kurspris for medlemer er kr 500 og for ikkje-medlemer kr 600.
Påmelding til Margareth Moberg innan 5. januar: SMS 91 68 40 74 eller messenger. Hugs å skriva kva dag som passar for deg.