Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Bilete av boka Uønska åtferd
Bilete av Olaug Nilssen i ein bil

Olaug Nilssen, Foto E. Senneset

Mar
11
Mon

Litteraturkveld

Kinsarvik bibliotek
-

Litteraturkveld med Olaug Nilssen. Kaffipause, lokale innslag, loddsal.


Måndag11.mars vert det ny litteraturkveld i Kinsarvik bibliotek. Dette er eit samarbeid mellom Kinsarvik Bygdekvinnelag, Ullensvang Mållag og biblioteket. Me har vore så heldige å få Olaug Nilssen hit. Ho vil snakka om boka Uønska åtferd.

Samlaget skriv dette om boka:

Kor går grensa for kva ein skal ofre for eit barn?
"Katrine er gift med Gunnar, saman har dei barna Jostein og Janne. Sonen er psykisk utviklingshemma, og familielivet er fullstendig dominert av omsorgsbehovet hans. Dottera er oversett, men også utsett då Jostein kjem i puberteten og utagerer seksuelt.
«Uønska åtferd» viser fram kor krevjande det er for ein familie å ta vare på alle når ein har eit barn som treng alt. I kampen for sonen er Katrine i ferd med å miste alt, ekteskapet, forholdet til dottera, men også seg sjølv."

Det blir pause med loddsal, sal av bøker, kaffi, kringle og andre gode saker. Etter pausen blir det Open mikrofon der dei som vil som vil kan framføre eigne eller andre sine tekstar.

Arrangementet er gratis og ope for alle.