Mar
16
Mon
Litteraturkveld med Marit Eikemo
Marit Eikemo måtte melda forfall sist ho skulle koma. No er ho klar for å koma til oss den 16.mars.
Ho vil snakka om arbeidet med boka “Vi er brødrene Eikemo”. Ho vil og fortelja om faren og onklane og lesa frå boka. Du kan lesa meir om Marit og bøkene ho har gjeve ut på nettsida til Samlaget
I pausen: Sal og signering av boka, kaffi, saft og kringle, for ikkje å nemna utlodding!
Etter pausen: Open mikrofon (har du eit dikt du vil dela, ei god historie eller noko anna?), allsong og trekking av flotte gevinstar
Foto: Agnete Brun, Samlaget
Arr. er eit samarbeid mellom Ullensvang mållag, Kinsarvik bygdekvinnelag og Kinsarvik bibliotek. Gratis inngang