Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Ellen Løvhaug Harrison
Mar
13
Mon

Poesikveld på biblioteket

Kinsarvik bibliotek

Set av måndag 13. mars og kom for å møta forfattaren Ellen Løvhaug Harrison. Ho kjem til biblioteket for å presentera boka si "Søv berre når du søv".

I samarbeid med Ullensvang mållag og Kinsarvik bibliotek inviterer Kinsarvik bygdekvinnelag til poesikveld i Kinsarvik bibliotek. Ellen Løvhaug Harrison presenterer debutboka si "Søv berre når du søv". Det vert samtale mellom Ellen og Erika Alnes, og i tillegg opplesing frå boka. 

Reidar Karlsen les eigne tekstar.

Det vert open mikrofon for den som vil lesa eigne eller andre sine tekstar.

Me legg opp til ein matpause der det vert høve til å kjøpa signerte bøker av Ellen.

Loddsal.

Gratis inngang.

Velkomen!