Årsmøte
Kinsarvik Bygdekvinnelag har hatt årsmøte og valt nytt styre.
På årsmøtet den 4.november vart Helene Olsen takka for alt arbeidet ho har gjort for bygdekvinnelaget i mange år. Ho var leiar i 9 år og har vore styremedlem i heile 34 år. Ho fekk blomar og heimestrikka vottar frå oss.
Det nye styret er no slik: Leiar Inger Karin Dyrnesli, nestleiar Helga Opedal, kasserar Anne Eitrheim, skrivar Tonje Merete Kalhagen Eitrheim, studieleiar Karin Vikane og styremedlem Elisabeth Kirsti Mehl. Varamedlemmer er Brita Helleland og Liv Birgit Haustveit.
Du kan finn årsplanen vår på sidemenyen på denne nettsida. Me ser fram til eit aktivt arbeidsår , fyrste arrangement blir adventsmøtet den 2.desember.