Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Årsmøtet 2017


Godt arbeidsår for Kinsarvik bygdekvinnelag.

Kinsarvik bygdekvinelag sitt årsmøte vart halde i Fjordahallen den 13. november 2017. 23 medlemmer møtte opp. Årsmøtesakene gjekk raskt og greitt unna: årsmelding, rekneskap, løyvingar og val. Årsmelding og rekneskap viste at laget har hatt eit aktivt år med stor innsats frå medlemmene med dugnad, baking, kurs mm.

Etter at årsmøtesakene var unnagjort, var det middag på Gløyp Spiseri. Og som ifjor, svært god mat! Under middagen fekk me høyra toraderspel og song av to unge lokale utøvarar.

 

Lenke til årsmeldinga finn du under:

 

arsmelding_2017_2.docx