Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

6 nøgde jenter med sitt ferdige produkt
Jente som syr på symaskin

Atter eit populært symaskinkurs

Tre onsdagar i mars har 6 jenter vore på symaskinkurs på heradshuset. Etter forrige kurs i november, så var det venteliste til nytt kurs. Kjekke ivrige jenter har sydd seg handlenett. Katrine Reinsnos Meling var også denne gong kurshaldar.

Stoff skal målast opp, klippast og trå skal tres på maskinene.

Bygdekvinnelaget stilte desse onsdagane med enkel servering.

Kurset er ein del av Nøysomhetsprosjektet, som Norges bygdekvinnelag driv i 2024/2025.

Eit sosialt og triveleg kurs med meining.