Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Eldhuset på Bråvoll

Bakedag med 7.klasse

Kvart år har bygdekvinnelaget bakedag med elevar frå 7.klasse ved Kinsarvik skule. Det er sjølvsagt krotakaker som skal lagast.

Elevane vert delt inn i grupper og bakar etter tur. I tillegg til læraren hadde dei denne gongen med tre hjelparar frå bygdekvinnelaget. Elevane var lærevillege og kjekke. Læraren rapporterer at elevane hadde ein triveleg dag, og seier dette er eit veldig fint tiltak som elevane kjem til å hugsa.