Baking i eldhuset
Fredag 9.oktober hadde me felles bakedag i eldhuset.
Det var åtte kvinner som baka krotakaker denne dagen. Nokre røynde bakstekjerringar og andre nybyrjarar. Det var ikkje eit tradisjonelt kurs, men ein dag der me kunne læra av kvarandre.
Det vart både triveleg og lærerikt.
Me vil ha fleire slike bakedagar, til våren.