Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Baking med Opedal skule

Krotakakebaking i eldhuset på Lutro

Tysdag 19.mai gjekk elevar frå 3. og 4.klasse frå Opedal skule til Lutro for å baka i eldhuset hjå Helga Opedal. Ho, Guri Opedal og Kristin Velure var lærarar.

Skulen har baking som prosjekt og dei tok kontakt med bygdekvinnelaget for at elevane skulle få læra om tradisjonsbakst.

Elevane var strålande nøgde med dagen og tykte dette var noko av det kjekkaste dei hadde gjort.

Bygdekvinnelaget bakar vanlegvis med elevar frå 7.klasse så dette var ei ny erfaring for oss.