Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Born og vaksne rundt eit bord, formingsaktivitet

Verkstad på biblioteket

Kvinner som bakar

Bakedag i eldhuset på Bråvoll

Kvinner rundt eit bord

Besøk på Bråvolltunet

Fire kvinner ute på museumsområdet

På Hardanger folkemuseum, Magda, Anne, Inger og Joanna

Besøk frå Polen

Frå 12. - 16. juni hadde Kinsarvik Bygdekvinnelag besøk av to kjekke damer frå Polen. "Arts connects generations" er namnet på prosjektet me deltek i saman med organisasjonen The Elders

For ei tid sidan fekk me spørsmål om me ville vera partnarar i eit EU/EØS prosjekt saman med ein organisasjon frå Polen. Me tykte det høyrdest interessant ut, og skreiv under på samarbeidskontrakten. Organisasjonen fekk midlar, og i mai fekk me melding om at alt var klart. Prosjektet dekkjer alle utgifter til besøket me har hatt frå Polen, og til besøk for fire personar frå bygdekvinnelaget i Warszawa og Raszyn, ein forstad til Warszawa.

Magdalena og Joanna fekk eit innhaldsrikt opphald her. Dei fekk møta representantar frå pensjonistlaget, helselaget og biblioteket, og dei arrangerte verkstad, der både born og vaksne fekk laga decoupage. Vidare var dei på besøk i eldhuset. Dei såg på bakinga, og fekk informasjon om krotakakebaking i Hardanger. Litt smaking vart det og. Museet på Utne og særleg bunadane og bunadsarbeidet me driv med, var dei svært interesserte i. Den siste dagen var dei innom den store Sommarbasaren vår. i tillegg fekk dei tid til utflukter i naturen

 

Presentasjon av prosjektet