Blåtur i juni
Nokre glimt frå turen til Eidfjord.
Det var i alt 16 kvinner som reiste ut i det blå i retning Eidfjord. Første stopp var kaffipause med meir i Tunet på Haugen, før turen gjekk til Vikingutstillinga. Det var stopp på Fossli med tid til å nyta den majestetiske utsikta ved Vøringsfossen. Tilslutt gjekk turen til Viltkroa i Øvre Eidfjord der det vart servert nydeleg middagsmat.