Bli med oss på trening
Bli med oss på trening i styrkerommet i Fjordahallen torsdagar kl. 10.
For berre 100.- kr. månaden kan du trena så mykje du vil i styrkerommet i Fjordahallen. Du må i tillegg vera medlem i IL Harding. Det er ofte lettare å koma i gang når ein kan gå saman. Bygdekvinnelaget har difor sett av ei bestemt tid der du ganske sikkert kan treffa kjende. Me har endra tidspunktet frå måndag til torsdag fordi det er færre andre som brukar rommet torsdagar. I tillegg til dette vil nokre av oss framleis trena måndagar kl.10, når det høver. Dersom du ikkje har vore på styrkerommet før, og er usikker på korleis du brukar apparata, vil du få hjelp og rettleiing.
For å bli medlem i IL Harding må du gå inn på nettsida deira og melda deg inn. Du vil då få ein faktura på 200,- kr.
Du kjøper medlemskap i styrkerommet ved å vipsa 1200.- kr. til 519420. Du betalar då frå 1.september til 31.august. Når dette er i orden kan du gå på Hardanger Souvenir og få brikke slik at du kjem deg inn i Hallen. Treng du hjelp for å få dette til så kontakt Inger på 97085759.
Me ser fram til å sjå fleire på trening.