Ein kjekk bakesøndag i Fjordahallen
11 damer og 1 herremann hadde ein veldig kjekk og koseleg potetkakekursdag i Fjordahallen.
Mellom 250-300 potetkaker vart laga. Me hadde 5 takker i sving. Deigen var kjempegod å jobba med. Alle reiste heim frå kurset med ny lærdom frå kvarandre, og ikkje minst flotte og gode potetkaker.
Takk til Rannveig, Gro og Ragnhild som kom med gode tips og råd.
Eit av dagens tips deler ein her med alle.
Ta ned og opp potetkaker frå frysen:
Pakk kakene 3-4 stk bretta i 2 eller 4 i plastpose, og legg dei flatt i frysen.
Ved opptining tek du kakene ut av posen, legg kakene i eit kjøkenhandkle og inn igjen i plastposen til dei er tint.
Det er nett som du har nysteikte kaker til servering då :-)
Møterommet i Fjordahallen var veldig grei plass å ha eit slikt bakekurs.
Me satsar på fleire kurs