Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Enno er det tid ....


Minner om at ville vekstar også i år er satsingsområde for Norges Bygdekvinnelag.

Det nærmar seg slutten av sesongen, men det er enno Tid å hausta inn for å seia det med Olav H. Hauge. La oss ikkje gløyma dei nære og kjære og velprøvde vekstene i skog og mark.  Ikkje treng me gå så langt heller for å finna noko å ta med heim på kjøkenet.

 

Blåbær, kanskje litt seint, men finst nok enno, i alle fall litt høgare opp.

Tyttebær. Bygdekvinnelaget hadde ein fin tyttebærtur i fjor haust!

Bringebær, er nok også på slutten med desse.

Bjørnebær,  kjem neste månad og treng litt meir sol og varme for å verta fine.

Molter.

Rognebær. Har du prøvd å laga rognebærgele?

Nyper. Desse kjem også seinare.

Hyllebær. Svarthyll er ikkje så vanleg her, men finst. God og helsesam saft.

Sopp.

Det ser ut til å vera eit bra sopp-år. Ver forsiktig, ikkje plukk sopp om du ikkje er heilt sikker på at det er ein matsopp!!