Epledagen 24.september
24.september vart epledagen feira på Krossvoll på Lofthus. Det var eit samarbeid mellom mange ulike intansar og Kinsarvik bygdekvinnelag vart
invitert med..
Målet var at alle aldersgrupper skulle læra litt meir om eple og feira eplet som er så viktig for bygda og regionen vår.
Veisane barnehage har besøkt Knut på Lie der dei fekk plukka og pressa eple. Ungane laga nydelege gledesskort og eplekaker til festen. Opedal skule stod for kafedrift, pynta og baka kaker, nokre av dei fekk og pressa eplesaft.
NIBIO og Ullensvang fruktlager laga til forskingsstasjon der me fekk smaka ulike eplesortar og tilhøyrande most. Dei viste skade og bakteriar på eple og insekt og skadedyr.
Kinsarvik bibliotek laga fin litteraturutstilling med bøker som omhandler eple på ulike måtar. Kinsarvik Bygdekvinnelag ved Hege Lutro og Brita Helleland laga gode kaker til dagens kafé. Siderklynga var initiativtakar og fokuserte mest på å laga kaffi og rigga.
Alle foto: Kinsarvik bibliotek, teke før innrykket av publikum.