Fastelavnssøndag i Grindaløo
Godt med bollar og kakao i kald austavind
Kinsarvik bygdekvinnelag er 70 år i 2018. I jubileumsåret har laget tenkt å markera seg litt i nærmiljøet med ulike aktivitetar for store og små.
På fastelavnssøndag spanderte me bollar og kakao på Barnas turlag. 15 born og 7 vaksne trassa kald vind og gjekk tur i mørkret med hovudlykter. Samtidig svara dei på spørsmål på utlagde postar. Etterpå var det godt å koma inn i Grindaløo til varm kakao og bollar i ulike variasjonar.