Fundacja Projekt Starsi - samarbeid Kinsarvik - Warszawa
Kinsarvik bygdekvinnelag er partnar med organisasjonen The Elders i prosjektet " Art connects generations", i Warszawa.
Fundacja Projekt Starsi
Ein dag i fjor haust fekk eg, leiar i Kinsarvik Bygdekvinnelag, ein uventa telefon. Det var ei polsk dame busett i Ullensvang som spurde om venninna hennar i Polen kunne få senda meg ein e-post om eit internasjonalt prosjekt dei hadde.
Slik starta samarbeidet vårt med organisasjonen The Elders og prosjektet “Art connecting generations." The Elders er ein organisasjon som arbeider mot diskriminering og vald mot eldre. Prosjektet me er med på gjeld samarbeid mellom generasjonar gjennom kunst og kultur. Dei valde oss fordi venninna i Ullensvang hadde høyrt om at me dreiv med kultur og tradisjon og hadde medlemmer i ulike aldersgrupper..
I juni kom to damer frå Warszawa på besøk i Kinsarvik. Dei hadde møte med biblioteket, eldrelaget og helselaget og dei var på museet på Utne. Dei fekk òg oppleva var baking i eldhuset og basaren til bygdekvinnelaget. Dei arrangerte workshop i Decoupage for born og vaksne på biblioteket i Kinsarvik.
I september var me fire kvinner frå bygdekvinnelaget som tok turen til Warszawa. Me fekk oppleva polsk gjestfridom, sjå kulturminner, museum, parkar og byliv. Me var på besøk i aktivitetshuset i ein bydel og på silketrykk - verkstad der. Dei hadde og teaterprosjekt og filmprosjekt der unge og eldre samarbeider. Me hadde minikurs i Hardangersaum for ei gruppe med damer. På turen fekk me mykje informasjon og nye idear til aktivitetar på heimebane. Kanskje blir det no pirogar, bollar med plommer, eller rosebladsyltetøy og ikkje minst “soup-disco” i bygdekvinnelaget.
Her ser me Magdalena, Gudbjørg, Inger, Brita, Joanna og Gunn Berit.
Prosjektet er finansiert av EEA grants, https://eeagrants.org/
Bygdekvinnelaget har ikkje hatt utgifter til noko anna enn små gåver til vetskapet.