Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Kvinner frå ulike land i samtale

Handarbeidskafe

Bygdekvinnelaget inviterte innflyttarkvinner til handarbeidskafe i Fjordahallen måndag 12.februar.

Til vår store glede var det ca 35 kvinner som møtte fram, av desse var det 14 gjester. 

Møtedeltakarane var oppmoda om å ta med og visa handarbeid, om dei ville.  Laget viste fram spesielt tradisjonshandverk som smetting av sokkeband til herrebunad, ved Kirsti M. Lutro og hardangersaum både til bunad og dukar/serviettar, ved Gudbjørg Grønsdal. Dessutan vart det laga ei lita utstilling av bunadsplagg frå nokre medlemer.

Helene ynskte velkomen og las visa «Barn av regnbuen» av Lillebjørn Nilsen. 

Elin Liland Skår hadde med toraderen og spela tre feiande melodiar. Dermed var stemninga sett.

Helene fortalde litt om Kinsarvik bygdekvinnelag, kort historikk og kva me arbeider med.

Mange hadde med sitt eige handarbeid, både gjester og medlemmer. Alle fekk sjå smetting av sokkeband og hardangersaum i ulike variantar.  

Ekstra kjekt var det sjølvsagt å sjå det innflyttarkvinnene hadde med, som bunadsskjorte og bunadsdokke få Ukraina, bilde med ein type perlearbeid og fleire andre typar veggbilde m.m.  Såg ut som dette var ein vellukka aktivitet når fleire nasjonar er samla. I tillegg kaffinemnda hadde 4 av gjestene med mat som dei hadde laga, både søtt og salt.

Før maten vart det gratisutlodding av mange gevinstar som kaffinemnda sytte for og i tillegg fekk dei både hardangersaum og litt strikk til utlodding. Ei av gjestene var heldig og vinna den fine hardangersaumservietten som Gudbjørg gav.

Stemninga var god rundt bordet og alle kosa seg med god mat og god prat. Me tok ein presentasjonsrunde, så alle fekk fortelja kva dei heitte og kvar dei bur her i Ullensvang. Det kom gjester heilt frå Hovland.

Ei ung ukrainsk dame gav to flotte bilete til laget, som ho hadde laga med ein spesiell perleteknikk. Her ligg det mange timars arbeid bak. 

Helene snakka litt om sola som nyleg var komen tilbake til Kinsarvik og ho las diktet «Eg er komen med våren til deg», skrive av ein islandsk lyrikar Snorri Hjartarson.  

Elin spela to melodiar til på torader, - ei fin avslutting på ein sers vellukka kveld.

Alle vart ynskte vel heim, og dei som trong det, fekk skyss.