Haustaktivitet
Hausten er her, epla er mogne, og bygdekvinnelaget livnar til.
Laurdag 26.9. reiser fleire medlemmer til Stalheim på Streif. Her møter dei bygdekvinner frå heile Hordaland.
Måndag 28.9. er det Idemøte. Her kan de koma med framlegg til kurs, møte og andre aktiviteter denne sesongen.
Noko er alt klart:
22.10. startar bunadskurset i herrebunad.
26.10. er det årsmøte.
28.11. blir det kurs i å laga pølser. Det blir snart lyst ut.
Me reknar med å få til Møteplassen /kafe i Borstova.