Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Jubileumsfest


Kinsarvik bygdekvinnelag fyller 70

                   

 

Me har vore inne i eit hektisk jubileumsår med mange aktivitetar og førebuingar til jubileumsfest. Ein festkomite har vore i sving, og laurdag 13. oktober kunne leiaren vår, Helene Olsen ynskja velkomen til ca 70 festkledde gjester i Fjordahallen, Særs hyggeleg var det at første formannen, Hilborg Instanes 95 årgamal kunne vera med på festen.

Det vart både prolog, talar, helsingar, dikt og song. Bygda sin dyktige «songfugl» Maria Digranes underheldt oss med fin song.

 Mange fekk takk for god innsats i laget både før og no.

Det vart servert rjomegraut, spekemat,heimelaga flatbrød og nypressa eplesaft.

Grauten vart spela inn av Kari Nakkerud. Bak henne kom eit brurepar (for høvet ) og 4H ungdommar med grauten. Såleis fekk me vist fram brure-og brudgomsbunaden til laget.

Kaker og kaffi høyrer og til på ein slik fest. Seinare på kvelden stod eit bugnande kakebord klart.

Etter ein innhaldsrik kveld med godt program og god føde, måtte me likevel til slutt bryta opp. Eit minnerikt 70-årsjubileum var gått over i historia. Me takkar alle som tok seg tid til å dela denne kvelden med oss.