Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Kake- og blomebasar

Gevinstar på Kake- og blomebasaren. Foto Margareth

Kakebasar i juni

Kake- og blomebasaren 11. juni i den gamle heradsstyresalen.

Den tradisjonsrike Kake- og blomebasaren til Kinsarvik bygdekvinnelag kunne endeleg arrangerast i vår, etter to år med pandemi. Det var eit håp om å kunna halda til på Ålmerket ved den gamle Borstova, men regnvêret sytte for at me måtte trekkja innomhus. Basaren vart flytta til den gamle heradsstyresalen, noko som dei mange frammøtte såg ut til å trivast godt med. 

På basaren er det særleg dei eldhussteikte krotakakene som er populære å vinna, men òg anna bakst, blomar og andre gevinstar vart kvittert ut til glade vinnarar med dei rette vinnarårene.

Som vanleg på basar i bygdekvinnelaget var det kaffi eller te for dei vaksne, saft for dei små, og noko godt å bita i for alle.