Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Kakebasaren 2018


Solid dugnadsarbeid gav godt resultat for bygdekvinnelaget

Etter utrygge meldingar og fare for å måtta flytta kakebasaren til Fjordahallen, kom finveret att denne laurdagen. Og det var klart for den 47. «kakedagen» med krotakaker og heimebakst ved Borstova!

Med 20 nyinnkjøpte klappstolar, kyrkjegardsbenker og uteborda på Ålmerket, vart det  plass til 80-90  kjøpelystne basarfolk. Kaffi, kaker og toradermusikk høyrde og med. Etter åresalet ( 3 trekningar med 40 gevinstar i kvar), var det som vanleg sal av krotakaker. Alle pakkane  med kaker forsvann ganske fort (også som vanleg!).

Etter åresalet var det trekning i lotteriet bygdekvinnelaget har hatt. Medlemmene har hatt dugnad med  å sitja på butikken  med loddbøker fleire dagar. Mange fine gevinstar vart delte ut! Hovudgevinsten var ei bunadsølje, men det var ekstra kjekt at fleire av gevinstane var laga av medlemmer i laget.

Mykje dugnadsarbeid påførehand, men ein vellukka basar og eit godt økonomisk resultat for Kinsarvik bygdekvinnelag  !