Kinsarvik på 50- og 60-talet, medlemsmøte
Stor interesse for å høyra om oppvekst i Kinsarvik på 50- og 60-talet
Helene, Marit, Kirsti og Torbjørg hadde førebudd seg godt og fortalde levande om korleis det var i Kinsarvik då dei vaks opp. Me fekk høyra om dei lange ferjekøane, turistane, leik og moro, skule, korleis bygda har endra seg og mykje anna. I sentrum har det vore store endringar, mange hus er rivne sidan den gongen og nye større bygg har kome til. Dei 30 frammøtte i Borstova var eit engasjert publikum, så det vart mange spørsmål og kommentarar.
Kaffinemnda ordna med servering og gratislotteri.
11. og 12. juni vert det bakedagar til sommarbasaren 15. juni. Det var mange som melde seg til bakedugnad, men me treng fleire. Det vil koma meir informasjon om dette.