Kurs i hardangersaum til bunad
Det vert kurs i hardangersaum til bunad med start 16. januar.
I januar 2023 startar me kurs i hardangersaum til bunad. Deltakarane lærer å sy saum til skjorteliningar, forklebord og anna. Kursinstruktør er Torill Opedal Hauge.
Kurset startar måndag 16. januar og vert halde i Fjordahallen. Det vert i alt 9 kurskveldar, på måndagar frå kl 18.00 til kl 21.00.
Kurspris er kr 1500 for ikkjemedlemer og kr 1200 for medlemer.
Påmelding til kursleiar Margareth Moberg på epost til marenhus1@gmail.com. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om kurse