Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

KvinnerUT i eldhus og på fruktgard


KvinnerUT-prosjektet der bygdekvinnelaget inviterer tilflyttarkvinner ut på ulike tilstellingar nærmar seg slutten. Nest siste samlnga var i eldhuset, og så avlutta me med besøk  på ein fruktgard.

 Det var planlagt at me skulle ta kvinnene med oss ut i skogen for å plukka bær, og deretter laga noko av det me hadde henta. Men då det ikkje var bær å finna denne hausten i vårt nærmiljø, og vidare mykje regn , måtte denne aktiviteten avlysast.

 I staden fekk me eit samarbeid med ein fruktbonde om eit gardsbesøk.

 Den 25. sep. møtte 10 damer opp. Her fekk me omvisning i frukthagen, høyra om arbeidet med frukttrea og læra namn på eplesortar. Ei av damene som har budd her lenge hjelpte til med å vera tolk. Deretter fekk me sjå korleis dei pressa eple til saft og sjølvsagt ein smaksprøve.

Til slutt vart me bedne inn i stova på garden. Der vart me serverte eplerettar som eplekake, tilslørte bondepiker og tørka eple. I tillegg fekk me oppskrifter på desse rettane. Det var og høve til å kjøps eplesaft.

Det såg ut for at alle kosa seg. Ei stor takk til folka på garden som let oss få koma.

Nokre dagar før, den 20. september, var det baking i eldhuset på Bråvoll. Her fekk damene  læra om lokale mattradisjonar. På programmet stod baking/steiking av krotakaker ved open eld i gammaldags baksteovn, og lappesteiking på elektrisk takke.

Baksteovnen var oppvarma og klar for å ta imot krotakakene etter kvart som dei vart « trylla» fram frå bakstebordet.  Her var det berre å setja i gang.  Fine lappar vart det. Det sytte ei av gjestene for. Haugen med krotakaker vaks seg større og større. Stemninga var på topp frå første augneblink. I eldhuset er me alle like, trass i ulik kultur.

Sosialt samvær over ein kaffi-/tekopp er viktig avslutning på desse samlingane.  Det vart sjølvsagt servert nysteikte lappar med syltetøy og krotakaker med smør og eignande pålegg til. Gjestene fekk med seg både kaker og oppskrifter heim.

Me konkluderte med at dette og hadde vore ein vellukka kveld. Blide og tilsynelatande nøgde damer vart bringa heim att med smaksprøvar til mann og ungar.