Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Lagsturen 2016

I staden for tradisjonelt lagsmøte i mai arrangerer Kinsarvik bygdekvinnelag ein dagstur for medlemmene.

Turnemnda hadde i år lagt turen til  laurdag 28. mai med Stalheim som mål. Det var 14 påmelde, akkurat plass til alle i minibussen me fekk låna av Ullensvang Asylsøkjarmottak. Me heldt oss med eigen sjåfør, ei av medlemmene hadde førarkort for denne typen bil.

På veg mot Voss tok me gamlevegen opp Skjervet og her kom kanskje den største overraskinga på turen, nemleg toalettanlegget på den oppgraderte rasteplassen der. Dette bygget er verdt å sjå, både utanpå og innvendig, så dersom du køyrer forbi Skjervet, ta ein stopp på toalettet der, antan du «må» eller ikkje!

Framme på Stalheim Hotell fekk me ei interessant (og lang) omvising på museet i tilknyting til hotellet. Omvisaren fortalde og mykje om Per Sivle, som kom frå ein av nabogardane der. Deretter var det ein stor og god lunsj og sjølvsagt tid til å nyta den fantastiske utsikta over Nærøydalen. Dessverre kom regnet, så på heimvegen var det vått og grått. Godt då å ta ein pause på Jaunsen Gjestgjevarstad i Granvin. Der fekk me kaffi og eplekake i vakre, gamle stover. Og så var det berre ein kort tur gjennom tunellen og over brua før me var heime att.