Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Kvinner ved møtebord

Møte

Ålesund sett frå Aksla

Utsikt frå Aksla

Kvinner i strikka plagg på scene

Finalistane i strikkekonkurransen

Kvinner i festklede, to i Hardangerbunad

Utsendingane frå Hordaland

Landsmøte i Ålesund

Norges Bygdekvinnelag hadde landsmøte i Ålesund frå 7.-8. juni. Me var fem utsendingar frå Hordaland Bygdekvinnelag: Liv Solfrid Lono, Liv Kolskår,Helga Fossheim, Inger Karin Dyrnesli og Siv Helle Prestegård.

Om lag 90 utsendingar frå heile landet møtte på landsmøtet. Det vart vedteke arbeidsplan og budsjett. Dette vil det koma nærare informasjon om til lokallaga. Det var ein del diskusjon om fordeling av kontingent mellom sentralorganisasjon, distriktslag og lokallag. Noverande ordning vart vedteken med stort fleirtal. Resultatet av strikkekonkurransen vart gjort kjent.

Ny leiar vart Anne Irene Myhr frå Trøndelag.

Alt dette kan de lesa meir om på bygdekvinnelaget.no