Loddsal på bok
Mange fine gevinstar på Kinsarvik bygdekvinnelag si utlodding! Sjå gevinstlista her...
2.kvart år har Kinsarvik bygdekvinnelag utlodding på bok, der inntekta går til tiltak utanom laget. Siste åra har det stort sett vore Fjordahallen som har vore tilgodesett. I år skal inntekta av loddsalet gå til trivselstiltak på Bråvolltunet.
Det vert loddsal på Spar 1. juni, 8. juni og 9 juni. Trekking vert i samband med krotakakebasaren "Kakedagen", laurdag den 16. juni.
Gevinstliste: Loddsal på bok, Kr 2,- pr. lodd.
Bunadsølje til dame
Voven løpar, stor
Bunadsokkar med sokkeband
Genser til dame
Genser til herre, str L.
Genser str. 8 år, type Islendar.
Genser « « m. striper
Bilde, grafisk trykk, «Ice Bird» av Kith Mjøen, innramma 53x43 cm.
Selbuvottar
Mariuslabbar
Slumreteppe til godstolen (lappeteppe)
Overall og jakke, str. 80
Klippekort på Tunvoll Trimstove
Kakespade og kakekniv, frå Hardanger Bestikk
Eldfast form
Elektrisk fotvarmar frå Johs. Ystanes A/S
2 stk badehandkle
Skål , firkanta med sandblåst mønster
Teflonduk, Medina
Teflonduk, Angelica, (140x250cm)
Duk, offwhite, Kosta Linnewefveri, (151x184cm)
Duk
Sengesett til dobbelseng
Inntekta av loddsalet på bøkene skal gå til trivselstiltak for bebuarane på Bråvolltunet.
Trekking 16. juni 2018
Kinsarvik bygdekvinnelag
v. styret