Medlemsmøte på Huse Gjestegard 3.februar
29 stk damer hadde meldt seg på til medlemsmøtet som vart arrangert på Huse Gjestegard denne gongen. Me er så heldige som har 4 flotte damer i laget som er gryndarar. Liv Jorunn Gausel fortalte om Huse Gjestegard og utviklinga der. Helga Opedal og Hege Ertsås Lutro som har vore lenge i "gamet" fortalte om hermetiserte moreller og chutneyen. Og til slutt Ragnhild Opedal Tveit om bakeriet Fløy.
Engasjerte damer stilte dei fleire spørsmål og fekk gode svar.
Interessant å høyre på damene om korleis ting starta, og for nokon berre har det balla på seg med utvikling og arbeid på fulltid.
Me fekk servert deilig heimalaga kake og kaffi. Og avslutta sjølvsagt med gratis lodd og gevinstar.
Neste arrangement er på Kinsarvik Bibliotek 24. februar der me får besøk av forfatter Marit Eikemo