Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Typiske hytter frå Toposa-landsby

Ved brønnen

Toposa-menn i krigsmundur

På jobb for FN


Brita Helleland, som  har jobba for FNs høgkommisær for flyktningar i mange år, gav eit innblikk i dette arbeidet på lagsmøtet vårt 11. mars.

Brita har jobba i fleire land, men denne kvelden fortalde ho og viste bilete frå Sør-Sudan, der ho var stasjonert i perioden 2006-2008. Ho oppheldt seg i Kapoeta blant Toposa-stamma. Heile Sør-Sudan er eit stammesamfunn der stammene stadig er i krig med kvarandre, og såleis er det mange som er flyktningar.

Ho fortalde at å koma dit var som å skru tida tilbake til mellomalderen. Her mangla dei både innlagt vatn, renovasjon, straum og mykje anna. Me fekk sjå korleis ho budde og korleis kontoret hennar såg ut. Det siste berre eit telt der det krydde av insekt. Ho og medarbeidarane arbeidde med helse, skule/utdaning, vatn (brønnboring) og repatriering av flyktningar.

Møtet vårt var denne kvelden i heradsstyresalen, og over 20 av medlemmene møtte opp for å få med seg dette interessante og tankevekkjande føredraget av Brita Helleland.  Me vart fulle av beundring for hennar mot og innsats!

Og som vanleg: mat og kaffi etterpå!