Planar for våren
Endeleg har me klart å få eit bilete av heile styret i Kinsarvik Bygdekvinnelag. Her er me samla til møte 10.mars. Det var mange saker å ta tak i.
Møte i april
Neste møte vil ha tema trening og helse. Dette møtet blir i Borstova. Der har me vaska og rydda etter at kjøkenet kom på plass. Me skal no olja benkeplata på kjøkenet. Me vil senda søknad til butikkane i Kinsarvik om støtte til utestikkontakt og utstyr som alle kan bruka, slik som kaffitraktar, vaffeljarn og anna nødvendig kjøkenutstyr. Me vil og kjøpa nye voksdukar.
Turar
Me ynskjer å høyra om det er interesse for ein inspirasjonstur til Ulvik for å besøkja vevstova og høyra kva bygdekvinnelaget der driv på med. På vegen vil me innom fotomuseet i Vallavik, der er det ei flott utstilling. Me lurer og på om de har lyst på ein tur til Geiterygghytta utpå sommaren. Dessutan tenkjer me at det kunne vera fint med ein familietur til Feisdal. Andre gåturar kan og vera aktuelt. Det kjem an på kva medlemmene er interesserte i. Me tek det opp på neste medlemsmøte.
5.april er det Streif på Osterøy. Det kjem snart meir informasjon om dette. 22.mars har Omvikdalen det fantastiske arrangementet Strikk på Dalen, i Rosendal samfunnshus. Dette er eit Mekka for alle strikkeinteresserte.
Kurs
Sykurset for born kjem i gang denne veka, det er seks deltakarar, og Katrine Meling er kurshaldar. Det vert potetkakekurs 30.mars. Dette blir utlyst no. Me snakka og om at det kanskje kan ha bunadskafe der folk hjelper kvarandre. Dette er det fleire andre bygdekvinnelag som har.
Sommarbasaren
Sommarbasaren blir laurdag14.juni kl.16. Bakedagar blir 11.og 12.juni. Då treng me alle gode krefter. Det vil bli sendt rundt bakelister der de kan skriva dykk opp, på neste medlemsmøte. I år har me og loddsal på bok.
Spørsmål til laget
Både Opedal skule og Kinsarvik skule har ynskje om medlemmer frå oss kan delta som hjelparar når ungane skal læra å strikka, eller når det gjeld baking. Dette kjem me tilbake til.
Frivilligsentralen har problem med bemanning sidan leiaren i Kinsarvik er borte på grunn av sjukdom. Dei har spurt om me vil driva kafe på Heradshuset eit par timar i veka. Me vil svara at me ikkje kan ta på oss ansvar og organisering av dette, men at med kan stilla opp meir uforpliktande om det er trong for hjelp til kaffikoking og slikt.
Besøk av japanske turistar
24. juni får me besøk av 8 japanske turistar. Dei skal på besøk i eldhuset, og helst få sjå krotakakebaking. Etterpå skal me servere krotakaker og te i Borstova. Her treng me hjelp av dykk som kan dette med krotakaker.