Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Publikum sit på stolar på Almerket

Godt oppmøte

Bord med kaker og norske flagg

Medlemmene hadde bakt til kafeen, det gjekk unna

Gevinstar på eit bord, bakevarer, blomar og anna.

Fine gevinstar

Sommarbasar i Kinsarvik

Kinsarvik Bygdekvinnelag hadde den årlege Sommarbasaren laurdag 15.juni

Sommarbasaren vart halden utanfor Borstova. Til alt hell heldt regnet seg vekke så me kunne ha basaren i friluft. Det møtte fram over 100 personar og dei var flinke å kjøpa årar. På førehand hadde medlemmene baka i to dagar i eldhuset, slik at me hadde om lag 440 krotakaker. Nokre vart lodda ut, og resten vart selde rett etter basaren. Det var mange fine gevinstar i tillegg til kakene.