Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Fire kvinner og ein mann i panelsamtale rundt eit bord

Helga, Therese, Kari, Anna og Arne

Publikum og blomeoverrekking
Kaffipause , folk rundt bord i kantina

Stor interesse for landbruksmøte

Trass farevarsel og store nedbørsmengder var det mange som møtte fram på arrangementet vårt om landbruket.

Arne Lofthus innleia om utviklinga i landbruket generelt og stoda i Ullensvang spesielt. I tillegg til  ha vore gardbrukar på heiltid, var han i mane år aktiv i Bonde- og Småbrukarlaget både lokalt og nasjonalt. Det var interessant å høyra korleis bøndene her i Ullensvang hadde arbeidd med å få betre og meir tilpassa tilskotsordningar og landbrukspolitikk, for mellom anna fruktnæringa. 

Anna Hegerland har nett teke over eit mindre bruk på Lutro. Ho snakka litt om sine planar og tankar ho har om  kombinere gardsdrifta med mellom anna turisme. Ho er i startfasen i motsetnad til Kari Lutro som alt har drive nokre år. Ho har eit større bruk og kan leva av inntektene det gjev. Theresa har flytta til Ullensvang og kjøpt eit bruk som ikkje hadde vore i drift på nokre år. Ho driv økologisk og har brukt mykje tid på å setja garden i stand. Ho har kombinert drifta med litt turisme for å få inntekter i oppstartsfasen.

Etter innlegget til Arne hadde me pause med severing av kaker og kaffi i kantina. Det er viktig at folk kan få prata litt når dei treffest. Det var gratis inn gang og gratis kaffi og kaker, men folk kunne få kjøpa lodd. Det vart litt inntekter til oss.

Stor takk til kaffinemnda som kom med kaker og gevinstar, og ordna opp med servering. Ryddinga gjekk som ein leik då mange hjelpte til med å få på pass stolar og bord.,