Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Stor medlemsauke!

No skine' det øve'. Medan me gler oss over at sola har funne vegen tilbake til Kinsarvik etter ein lang vinter, har 11 nye medlemer meldt seg inn i laget den siste veka! Det er så flott! Velkomen til kvar og ein!

Me er no 46 medlemer i laget. Med så mange, flotte medlemer kan me sjå fram til eit framleis aktivt lag i åra som kjem. 

Det er god plass til fleire medlemer, så dersom du vil og kan vera med, er du velkomen i laget. Innmeldinga skjer på nettsida til Norges bygdekvinnelag. Ta kontakt med leiar dersom du har spørsmål.

Fram til 1. mars er Kinsarvik bygdekvinnelag saman med dei andre bygdekvinnelaga i Hordaland, med i tevlinga om å få flest nye medlemer. Dersom du tenker på å melda deg inn vert det ekstra stas om du gjer det innan den tid. Ryktet seier at me ligg godt an! 

Velkomen skal du vera!