Styremøte i Kinsarvik bygdekvinnelag
27.mai hadde me styremøte med mange saker. Her skriv me litt om noko av det me tok opp.
Sommarbasaren 14.juni
Alt i orden med bakstekjerringar. Mange av medlemmene er med på dette. Basarkomiteen arbeider godt. Me treng framleis nokre til å selja lodd på Spar 6. og 13.juni.
Det vil bli hengt opp plakatar og det blir annonse i HF. Me sender påminning til medlemmene om gevinstar til basaren.
Besøk frå Japan 24.juni
Det ser ut til å gå i orden med baking og servering.
Jonsok
Bygdekvinnelaget har blitt spurt om å laga til jonsok i Kinsarvik i år, i staden
for foreldra i 2 klasse som i følgje tradisjonen har ansvaret.
Styret meiner ansvaret bør liggja hos foreldra og at foreldra på fleire klassetrinn, kanskje
med støtte frå FAU, bør finna ei løysing saman. Bygdekvinnelaget kan hjelpa med
praktiske gjeremål, eventuelt også økonomisk.
Besøkstenesta på Bråvolltunet
Bygdekvinnelaget har fått spørsmål om å ta over
ansvar for besøkstenesta, sidan Raude Kross ikkje lenger vil gjera dette. Styret
meiner laget ikkje bør ta ansvar for å organisera denne besøkstenesta men at me
kan hjelpa å rekruttera som vil vera med som frivillige. Bråvolltunet femner om
heile austsida og ein bør prøva å rekruttera folk til besøkstenesta vidare enn
berre vårt lag. Det beste er om Raude Kross kan ta ansvaret for å organisera, og
me kan hjelpa med rekruttering. Kanskje Frivilligsentralen kan involverast også?
Regioninndeling i Hordaland bygdekvinnelag
Kinsarvik er no i ein region som heiter Hardanger mot Bergen saman med Bu og Ringøy, Ulvik, Øystese, Vikøy og Osterøy. Dei andre laga i Ullensvang er i Fonna. Regioninndelinga er no ute på høyring. Styret går inn for at Kinsarvik Bygdekvinnelag vert organisert i ein region saman med alle andre lag i kommunen og blir kalla Ullensvang region.
Epledagen 30.september
Styret meiner me ikkje vil vera med i tilskipingskomiteen,
men at laget kan bidra ned praktisk støtte som t.d. baking og servering dersom det er nødvendig.
Som de ser får me mange spørsmål om å ta på oss oppgåver. Dette reiser meir prinsipielle spørsmål om kva me skal driva med. Me vil diskutere dette på årsmøtet til hausten.