Styrketrening for kvinner
Set av måndagar kl 12.00, og møt opp på styrketrening i Fjordahallen!
Me startar opp med styrketrening for kvinner i styrketreningsrommet i Fjordahallen. Set av måndagar frå kl 12.00 og ver med!
For å bruka styrketreningsrommet må du vera medlem i idrettslaget, årsavgifta er kr 1200. Som medlem kan du bruka rommet så ofte du vil. For å få tilgang til styrketreningsrommet må du skaffa deg nøkkelbrikke. Den får du kjøpt på Hardanger Souvenirs.
Dersom du er usikker på om dette er noko for deg eller har spørsmål om treninga, kan du ta kontakt med Gudrun Halland tlf 924 25 232. Ho kan visa deg rommet og treningsapparata.
Styrketrening er bra for alle!