Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Små og store rundt bord, born syng

Suksess for juletrefesten

97 små og store møtte opp på juletrefest på Ystanes aktivitetshus 3.juledag

Det er fyrste gong bygdekvinnelaget er med og arrangerer juletrefest i Kinsarvik. Saman med foreldre frå 1. klasse og velvillig hjelp frå Røde Kors gjekk det over all forventning. Det var song av elevar i 1.klasse, kviss med barnevenlege spørsmål, meir songar og mat, før me gjekk ned i fyrste etasje til nissen og juletreet. Alle borna fekk godteposar frå nissen, og me avslutta med gang rundt juletreet og song.

Bygdekvinnelaget hadde kjøpt inn pølser og brød og serverte kaffi og saft. Nokre av melemmene våre og foreldra til dei som kom, hadde med kaker. Det er fleire år sidan det har vore juletrefest i Kinsarvik. Tradisjonen heldt på å døy ut då bygdekvinnelaget i år bestemte seg for å tilby 1. klasse hjelp med arrangementet. Etter kvart vart og Røde Kors med. Det var så mange påmeldingar at me måtte seia stopp då me nærma oss 100.

Me vil oppmoda andre bygdekvinnelag til å samarbeida med skulen og lokale lag om slike arrangement.