Symaskiner til ukrainske kvinner
Ei symaskin kan gje mykje glede
Til Kinsarvik har det kome fleire flyktningar frå Ukraina. Dei er flinke til å spørja om hjelp når dei treng det, og bygdefolket er velviljuge til å stilla opp dersom dei kan hjelpa. Då me i bygdekvinnelaget fekk høyra at dei ukrainske kvinnene ynskte seg symaskiner ville me gjerne hjelpa. Det enklaste var å kjøpa nye, gode maskiner. I dag kunne me overrekkja maskinene til to representantar for dei ukrainarane. Gleda over gåva var stor, både hjå dei som fekk og dei som gav.