Tradisjon sidan 1971
For 45. året på rad hadde Kinsarvik Bygdekvinnelag kakebasar ved Borstova.
Mange hadde møtt fram på "Kakedagen"i år og, dei fleste med håp om å sikra seg krotakaker. Men bygdekvinnelaget sine medlemmer hadde og laga mykje anna godt bakverk til utloddinga. Alt var tydelegvis populært, i alle fall vart alle årane selde under kvar av dei tre trekningane me hadde. Denne basaren er hovudinntektskjelda til Kinsarvik Bygdekvinnelag, og me fekk eit godt resultat også i år.