Triveleg besøk frå Japan
Tysdag 24.juni fekk bygdekvinnelaget besøk av ei gruppe japanske turistar.
I vinter vart me kontakta av ein reiseleiar som skulle på tur i Hardanger med ei gruppe japanske turistar. Det spesielle med desse turistane var at dei syr Hardangersaum og skulle på kurs i det på Hardanger folkemuseum. Me kom fram til at det kunne vera kjekt å ta i mot damene og kom på at me kunne visa dei krotakakebaking og servere dei slik bakst. Eli, Brita, Gunn Berit, Marit og Inger bakte krotakaker denne dagen, og Brita fortalde om tradisjonsbakst i Hardanger. Aase, Hege og Margaret stilte opp med servering i Borstova. Margaret fortalde om den gamle stova.
Dei japanske damene var svært interesserte og hyggelege gjester. Dei likte åklea på veggane i Borstova og dei var begeistra for krotakakene som vart serverte.