Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Marikåpe, fjellplante

Tur til Geiterygghytta 23.august

Kinsarvik bygdekvinnelag inviterer på tur til Geiterygghytta. Me har valt denne hytta fordi ho er lett å koma til for alle. Det er dessutan ei av medlemmene våre som driv hytta saman med mannen sin, så då er det ekstra kjekt med eit besøk her.

Vil du bli med på fjelltur? Me tek turen til Geiterygghytta 23.august. Ta gjerne med ein ven, mannen eller familien. Set av datoen alt no. Det kjem nærare informasjon om transport og andre praktiske ting når me ser kor mange som melder seg på.

Det går an å ta turen som dagstur, det tek ca tre timar å køyra frå Kinsarvik. Det er tre kilometer grusvegveg inn til hytta, så dette passar for folk i alle aldrar. Dei serverer lunsj mellom 12 og 16. Dersom de vil overnatta, så har me reservert fire rom med fire senger i kvart. For dei spreke går det an å ta toget til Finse og gå derifrå. Det er ein tur på 15 km. Finsehytta - Geiterygghytta For andre er det fint å ta turar i området rundt hytta. På ut.no kan du lesa meir om hytta og kva dei kan tilby. 

Alle får medlemspris. Det er 1200,- kr for 3- rettars middag, overnatting, dusj, frukost og niste/ termos. Born får reduserte prisar. Prisane finn du her.

Påmelding innan 10.august til Helga Opedal tlf. 95237206, eller  til Kinsarvibygdekvinnelag@gmail.com innan 10.august. Skriv om du vil på dagstur, eller overnattingstur og kor mange du melder på.