Velkomstmøte for nye medlemer
Informasjonsmøte 27. mars, særskilt for nye medlemer i laget.
Leiaren, Inger Dyrnesli, ynskte velkomen og kunne fortelja at laget hadde høgast medlemsauke av laga i Hordaland. Laget hadde difor vunne ein gåvesjekk på kr 1500.
Nestleiaren, Helene Olsen fortalde i korte trekk, historia til laget frå starten i 1948 og fram til i dag. Særleg viktig er det å fremja kultur og å ta vare på tradisjonar. Det er viktig med samarbeid mellom laga i bygda til beste for bygdesamfunnet. Laget held basarar, gjev gåver til andre, held kurs, leiger ut bunadar, skipar til møtestadar, har vevstove. Det er samarbeid og støtte til 4H og musikklag og støtte til Vennemynten, Hjelpefondet og anna. Jorunn Nornes Opedal orienterte om ulike tema som har vore på medlemsmøta og om dei populære gåturane som laget har skipa til i nærområdet.
Vel så viktig som informasjon om kvalaget har halde på med, er å få vita kva dei nye medlemene ønskjer som medlem i laget. Mange er interesserte i ulike kurs som baking av potetkaker, snekkerkurs, montering av bringklut og belte, nålefilting, bli ven med symaskina, omsying av klede, laga mat frå andre land. Det var og nemt aktivitetar for born som fell utanfor idretten.
På møta er det vanleg med "kaffimat". Denne ordninga med å ta med noko lite å bita i går på omgang blant medlema. Det vert sett opp kaffinemd med tre om gangen. Det er ikkje forventa heimebakst, men gjerne noko enkelt frå butikken.
Det vart orientert om at årsplanen ligg på nettsida til laget. Lett å gå inn der for å halda seg orientert. Påminning om møta vert send på e-post til dei som har dette, til andre på sms.
Til slutt fekk dei nye medlema kvar sitt eksemplar av Kinsarvik bugdekvinnelag sitt jubileumshefte som ei velkomstgåve. Heftet vart utgjeve til laget sin 70 års-feiring.