Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Olaug Nilsen signerer bøker
Publikum forsyner seg med kaffi og mat

Vellukka litteraturkveld

Fullt hus på litteraturkvelden i Kinsarvik bibliotek

Om lag 70 personar møtte opp til litteraturkvelden me arrangerte saman med Ullensvang mållag og Kinsarvik bibliotek 11.mars. Olaug Nilssen var hovudgjest. Ho fortalde om den siste boka si, Uønska åtferd, og las frå boka. Kaffinemnda frå bygdekvinnelaget ordna med servering og mållaget sytte forloddsal i pausen. Etter pausen var det open mikrofon. Tre damer las eigne tekstar. Dei hadde delteke på skrivekurset som biblioteket arrangerte med støtte frå bygdekvinnelaget og mållaget Tre andre las og opp dikt og tekstar. Kvelden vart avslutta med loddtrekning. Hovudgevinsten var boka Uønska åtferd. Publikum fekk syngja tre passande songar.