Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Ver med på tur!


Kinsarvik bygdekvinnelag gjentek suksessen frå i fjor og skipar til desse gåturane i vår

Det er fint å koma seg ut i naturen, det er  fint å gå saman med andre.Frisk luft hjelper for det meste, også for dårleg humør !

Bygdekvinnelaget vil skipa til desse gåturane i vår:

Onsdag 8. mai : Kinsarvik - Røtevegen – Velteplassen –Vassmyrane eller Feisdal.

Onsdag 15. mai : Rateig, går til enden av skogsvegen

Onsdag 22. mai : Skogsvegen på Ringøy

Onsdag 29. mai : Kraftstasjonen, går oppover mot Nykkjesøy

Onsdag 5. juni : Går oppover til Kvamsdal(Eidfjord)

 

                            

Oppmøteplass : Parkeringsplassen ved Mikkelparken  kl 18.00, når ikkje noko anna er avtala.

Ta gjerne med mat og drikke, ei lita matrast kan me unna oss.  Dei som har høve til å ta med bil,tek den med til parkeringsplassen, så køyrer me derfrå med så mange bilar som trengst. Når me skal oppover til Velteplassen, kan dei på Stronda møta oss på Røte ca 18.15.

Du treng ikkje vera medlem av bygdekvinnelaget for å vera med . Alle spreke og turglade damer (menn) er velkomne !

 

Helsing styret i KBK v /Jorunn N. Opedal

Telf. 99455690