Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Voven duk i blått og kvitt, lys vevnad på vevstol
Kvit og raud vev på vevstol
GAmle tømmervegger med svart / kvitt foto, utstilling

Vevglede i Ulvik og fotohistorie i Vallavik

Tysdag 13.juni tok 10 medlemmer frå Kinsarvik turen til Ulvik og vevstova til bygdekvinnelaget der. Etterpå besøkte me fotomuseet i Vallavik.

I Ulvik bygdekvinnelag har dei hatt vevstove i svært mange år. Det er mange som brukar vevstova, noko me såg på alle vevnadane som var i arbeid. Me fekk informasjon om vevstova og veving frå to av medlemmene. Det er ikkje så mange som vev tradisjonelle åkle meir. No blir det meir veving av dukar, handkle og andre tunne tekstilar. Det var imponerande å sjå kva dei får til. Det er ikkje mykje arbeid, seier dei, men veldig kjekt og interessant å halda på med.

Fotomuseet i Vallavik er og verd å sjå. Her har Paul Wallevik laga ei skikkeleg profesjonell utstilling med bileta til Bestefaren Anders P Wallevik. Paul fortalde oss om bileta og arbeidet med å gjera det gamle bygget om til museum. Me såg og filmen " Då vegen var fjorden".

I Ulvik var me og på Yppal kafe. Her fekk me nett det me ville ha, både salt og søtt.