Hopp til hovedinnhold

Lesja Bygdekvinnelag

Her høvlast det etter alle kunstens reglar mens lærar Torbjørn Torstad observerar elevane sine.

Her høvlast det etter alle kunstens reglar mens lærar Torbjørn Torstad observerar elevane sine.

Åse høvlar på emnet sitt mens Solveig ser på ein av fløygane som læraren hadde med seg.

Vurdering av emnet mot fløygen

Solveig vurderer emnet mot fløygen

Fornøyde damer med egne fløyger.

Fornøgde damer med egne fløygar.

Fløygkurs

Lesja Bygdekvinnelag har arrangert fløygkurs i sløydsalen på Lesja skule.

Vi var 8 spente bygdekvinner som møtte opp i sløydsalen på Lesja skule torsdag den 9. mars. Torbjørn Torstad skulle lære oss å lage bakstfløyg. Han hadde med flotte kvistfrie emner, eller vyrkje, som det og vert kalla, som vi skulle lage fløygane av. Vi fann kvart vårt emne og kvar vår høvelbenk, og så gjorde vi som vesle Jensemann: Vi høvla og vi spikka og vi pussa etter alle kunstens reglar, og til slutt stod vi med kvar vår bakstfløyg i handa.

Glade og godt fornøgde drakk vi kaffe og te etterpå mens kaketinene gjekk rundt.

Det vart ein riktig triveleg og lærerik kveld!

Så står det att å sjå om dei vart brukbare; bakstfløygane 😉