Vårkafe på Soknehuset 12.04.2023
Vårkafe i Soknehuset 12.04.2023
Vårkafe i Soknehuset 12.04.2023
Vårkafe i Soknehuset 12.04.2023
Vårkafe i Soknehuset 12.04.2023
Vårkafe i Soknehuset 12.04.2023
Vårkafe i Soknehuset 12.04.2023
Liv og lærling baker flatbrød
Anny steiker lapper
Kjøkkenjentene
Therese og Henrikke er nøgde med steikinga
Flatbrøda blei akkurat som dei skulle
Potetlefser kjem i ulike fasongar og storleikar
Vårkafe i Soknehuset 12. april 2023
Vårkafeen den 12. april på Soknehuset vart vellukka. Therese frå Soknerådet hadde laga deig til lappar, Liv Solfrid hadde førebudd flatbrøddeig og Evelyn laga deig til potetlefser.
Det kom mellom 10 og 15 flyktningar frå Ukraina. Dei kjevla, steikte og koste seg. Åtte damer frå Odda Bygdekvinnelag stilte opp. Anny og Hilde hadde med seg premiar som vart lodda ut til slutt. Ein ung mann på 7 år fekk æra av å trekkje vinnarar av ulike premiar - alt frå potteblomar til grytelappar og bakst frå kvelden. Slike arrangement er kjekke og inspirerande for både gjester og arrangørar.