Hopp til hovedinnhold

Omvikdalen Bygdekvinnelag

Kari og Åslaug fortel frå boka

Kari og Åslaug fortel frå boka

Mange hadde funne vegen til boklanseringa

Mange hadde funne vegen til boklanseringa

Kari og Åslaug fekk utdelt Bygdekvinnelaget sin heiderspris, kjevle med navn

Kari og Åslaug fekk utdelt Bygdekvinnelaget sin heiderspris, kjevle med navn

Musikalsk innslag av Bjarne Øymyr og Gøril Skeie Sunde

Musikalsk innslag av Bjarne Øymyr og Gøril Skeie Sunde

Boklansering av "Kvinnheradsbunaden"


Rundt hundre personar møtte opp då Omvikdalen Bygdekvinnelag hadde boklansering på Biblioteket. Kari Fedt Haugsbakk og Åslaug Snilstveit fortalte frå boka, og vi fekk høyra korleis ein ide vart til ei bok. Og for ei flott bok! Det ligg år med arbeid bak ei slik praktbok, og det er tydeleg at dei har gjort eit grundig arbeid. Som takk for innsatsen, delte Grete Brundtland ut Norges Bygdekvinnelag sin heiderspris, eit kjevle med inngravert navn.


Gøril Skeie Sunde på cello og Bjarne Øymyr på piano avslutta kvelden med vakker musikk.


Det vart servert kaffi/ te og bakst, og sjølvsagt kunne vi få kjøpa boka! Det blir det fortsatt mange muligheter til, kanskje årets julegåve?