Mjølkekakeprosjekt på Baroniet
Baroniet Rosendal kontakta Omvikdalen bygdekvinnelag med ein idé om å ta i bruk det gamla kjøkenet på baroniet for å selja mjølkekaker. Dette var eit prosjekt vi var ivrige til å delta på.
Til opningshelga for Baroniet og kvar laurdag i juli stilte 3-4 damer frå Omvikdalen bygdekvinnelag for å steikje og selje mjølkekaker og kaffi. Bygdekvinnelaget fortalde besøkjande om tradisjonsmat og bygdekvinnelaget sitt arbeid.
Det var kjekt å kunne bidra til at det gamle kjøkenet på Baroniet vart tatt i bruk att, og det vart godt besøkt!
Eit kjekt prosjekt som gav litt blæst om laget.